Vilkår

Vilkår for bruk av “Hallingar” mellom Brukar og “Hallingdølen”

Ved å godta denne avtaleteksten godtek du vilkåra som er skildra for deg som Brukar av tenesta. Avtalen omfattar bruk av bilete og tekst i annonsar som blir laga i tenesta.

Det er brukaren sjølv som bestemmer innhaldet i annonsane sine, men brukaren må følgja normal skikk og sedvane. Annonsar og helsingar skal ikkje innehalda bilete som brukaren ikkje har rettar til og brukaren må vera sikker på at personane på bileta veit om bruken og er einige. Innhaldet i annonsar og helsingar kan ikkje bryta med norsk lov og sedvane.

Ved misbruk eller brot på desse retningslinjene kan avisa sletta, avpublisera eller nekta publisering. Brukaren vil få høve til å retta opp innhaldet, men har ikkje rett til refusjon av eventuelt betalt beløp.

Avisa har rett til å nytta bilete og tekst i annonsar og helsingar i avisa sine nett- og papirprodukt. Innhaldet vil ikkje bli brukt til andre formål enn det som er naturleg for den tenesta som brukaren nyttar seg av.